map Kart account_circle Min side
HjemBli med på dugnad for å nedkjempa landøyda!

Bli med på dugnad for å nedkjempa landøyda!

Landøyda er ikkje ein framand art i norsk natur, men den er eit problem for landbruket, fordi den kan vera dødeleg for storfe og hest, dersom dei et han.

Landøyda finnes både langs vegkantar, skrotemark og på beite som ikkje blir skikkeleg stelt, og han spreier seg lett.

Vil du vere med å hjelpa?

Me oppfordrar no alle som ser landøyda, for eksempel når dei er ute og går tur, til å spa opp eller dra opp planten, særleg om du ser han i eller i nærleiken av jordbruksjord, dyrka mark eller beite.

Landøyda spreier seg lett dersom han får setje frø. Når plantane er i blomstring, er det viktigaste tiltaket å hogga av, eller helst riva opp, alle plantar med blomsterstengel, slik at dei ikkje får frødd seg.

Du kan for eksempel ta med deg ein pose på turen og plukka med deg dei plantene du finn.

Det kan vera lurt å bruka hanskar.

Har du behov for sekker å samle planter i, får du det her:

    • Rådhuset i Sandnes
    • Kommunehuset i Forsand
    • Coop Marknad, Høle
    • Joker, Julebygda

Foto- Landøyda.

Skal i restavfallet

Når du kjem heim, kastar du posen med landøyda i restavfallet for brenning på søppelanlegg. Ikkje kast planten i matavfall/kompost!

Viss du plukkar større mengder, som du ikkje får plass til i restavfallet, blir det sett ut containerar på Vatne i Sandnes og på Myrane gjenvinningsstasjon på Forsand i perioden 15. – 29 august.

Tidspunkt for levering:

Forsand
Onsdager: kl. 17.00-18.00
Lørdager: kl. 10.00-12.00

Vatne
Lørdager: kl. 09.00-13.00

Kva gjer kommunen?

Politikarane vedtok i 2023 eit toårig program for å nedkjempa landøyda, og i fjor blei det plukka heile seks tonn i Hommersåk/Riska området.

Oppdraget blei utført av Natureco AS, i saman med åtte ungdommar frå Småjobbsentralen i Sandnes.

Måndag 8. juli vil same firma starte opp igjen, saman med Småjobbsentralen, i nærheita av områdane som dei jobba med i fjor.

Arbeidet vil vara i 2 veker.

Foto. Landøyda med karminspinner

OBS! OBS! Viss du ser Karminspinnaren, ein raudlista sommarfugl-larve, på planta – må du la den stå.

Sist oppdatert: 03.07.2024